mandag 20. april 2009

Valle dialekt




Forteljing av Knut K. Homme

- Normalisering frå Valle dialekt til nynorsk

Valle dialekt:
Maten æ 'kji så viktig'e fysst an æ mett'e å hèv' nóg av 'ó, men fysst an æ solten å inkji hève matbiten, då æ dèt det viktigaste i verdinn for åkkå. Nò gange mi i handelsbúó å blé åkkå mat'e ó' stappfudde hyllu, å dei fléste tenkje vel mindri på kvæ som skaffar maten, ko det krèv'e av arbeid å aire innsatsfaktóra.
Men mi sku 'kji så langt ti' bakers i tíinn førr'ell kvær laut skaffe si maten sjav'e, i allfall på bygdó. Å då va hausti avgjèrandi for den lange vetretíí. Kvendagsmaten va' brau å graut'e, graut'e å brau. Men ti' jóle laut da have nåkå sjessi, nåkå spisielt. Å då våre mange ti' heis ette jólefisk'e, dissom da inkji ha' vòre på gåttæ å fengje fisk'e då.
Jólefiskjen laut helst'e vère stór'e å rau'e, å då laut an på hågheian. Fyre jól ha' fókk tòlig gó' tíd, å da kunna vère borti nåkå dage. Búin våre kalde å dagan stutte, så an måtte klæ seg godt å dytte seg mæ tjell å fyddu ell' ruggu om néttan. Mæ eldskjíni flakka på dei timra veggjó, fudde av nomn, varte det fortålt mang' a sòge - dei lange kveldí.
Nynorsk:

Maten er ikkje så viktig når ein først er mett og har nok, men om ein blir svolten og ikkje har mat, er det viktigast i verden. Nå går me til butikken kor vi kan velje frå dei stappfulle hyllane, men dei fleste tenkjer vel ikkje på kven som skaffar maten, og kva som krevjast av arbeid og anna innsats.

Vi skal ikkje så langt tilbake i tid før ein måtte skaffe maten sjølv, i alle fall på bygda. Og da var hausten avgjerande for den lange vinteren. Kveldsmaten var brød og graut, graut og brød. Men til jula var det noko godt, noko spesielt. Og da drog mange til fjells etter julefisk om dei ikkje hadde vori i bekken og fanga fisk ennå.

Julefisken skulle helst vere stor og raud, og den skulle vere frå høgfjellet. Før jul har folk ganske god tid, og da kunne dei vere borte nokon dagar. Husa var kalde og dagane korte, så ein måtte kle seg godt og pakke seg inn i ullteppe og sengeteppet av skinnfellar. Mens skinnet frå elda flakka på dei lafta veggane, fulle av namn, ble det fortalt mange historier i dei lange kveldane.